[Grønt Spa'tak]
[Informasjon/innmelding]
   [Sett Foten Ned]
   [Kollektivkampanjen]
   [StordNU]
   [Gjesteboka]
  [Hovudside]
  [E-post]




Grønt Spa'tak er eit av Natur og Ungdom sitt viktigaste mottrekk til regjeringa sin elendige landbrukspolitikk. Me viser i praksis at bønder og miljøvernarar er allierte. Grønt Spa'tak er eit samarbeidsprosjekt mellom NU og Norsk Bonde og Småbrukarlag(NBS). NUarar får tilbod om å jobba på gardar der bøndene er medlemmer i NBS. Saman viser me at me vil ein anna veg. Det går den vegen du sparkar høna, er slagordet for Grønt Spa'tak.

Under opphaldet får du god tid til å diskutera landbruk og miljøvern. Du vil forstå meir av korleis det er å vera bonde, og får forklart bonden kva me i Natur og Ungsdom står for. Utad synlegjer prosjektet at miljøvernarar og bønder har sams interesse av levande bygder, miljøvennleg og auka matproduksjon i Noreg og ei inntekt å leva av i landbruket.

I Noreg er 90 prosent av arealet utmark, og beiteressursane i utmarka kan gi enorme mengder mat. Synet på rovdyr har lenge splitta miljøvernarar og sauebønder. Natur og Ungdom vil bidra med noko konstruktivt i rovdyrdebatten og ønskjer difor på å koma i kontakt med sauenæringa, ved å gå tilsyn i fjellet. Me ønskjer å setja fokus på alt som kan gjerast av forebyggjande tiltak for å redusera rovdyrskadane på husdyra. Dessutan vil me saman med Norsk Bonde og Småbrukarlag visa at dette er eit spørsmål miljøvernarar og bønder må løysa i samarbeid. Grønt Spa'tak gjev deg nokon spanande, viktige og inspirerande veker du vil hugsa lenge. Du vert ikkje veldig rik på pengar, og du vert sliten av å hesja høy, mjølke kyr eller springa etter sauen i fjellet. Men det er ein veldig politisk korrekt sommarjobb, som både du og naturen vil få mykje igjen for.


To av medlemmene i Stord NU var ifjor sumar med på Grønt Spa'tak og [her] kan du lesa om det og sjå korleis dei hadde det.

[Arnfrid og Susanne på Grønt Spa'tak]