Me jobba nesten to veker på ein bondegard i Førde i sommar, og me har allereie bestemt oss for me reiser til neste år og. Då har me tenkt å prøva oss på ein gard i Hardanger. Å jobba på bondegard var kjekt. Det var hardt arbeid, men det var godt å kjenna på dei stive musklane våre at me hadde jobba godt. Me tok nokre bilete som har legg ut her slik at andre kan sjå, og kanskje får lyst til å vera med på Grønt Spa'tak. Me kan iallefall anbefala det. Det var kjempegøy.
Bilete frå sommarjobben
Her ser me hovudhuset.
Huset og den eine hunden, Tass.
Arnfrid og Sipp
Her skulle me luka, men sidan det regna sånn, så slapp me. :)
Dette vedskjulet såg ikkje ut får me rydda det. Det vart vel
omlag 55-65 sekkar.
Alle desse vedsekkane kjem frå det vedskjulet me rydda. Det er fleire
sekkar enn dei me ser på biletet.
Fleire bilete frå sumarjobben >>
Tilbake