Grønt Spa'tak er eit av Natur og Ungdom sitt viktigaste mottrekk til regjeringa sin elendige landbrukspolitikk. Me viser i praksis at bønder og miljøvernarar er allierte. Grønt Spa'tak er eit samarbeidsprosjekt mellom NU og Norsk Bonde og Småbrukarlag(NBS). NUarar får tilbod om å jobba på gardar der bøndene er medlemmer i NBS. Saman viser me at me vil ein anna veg. Det går den vegen du sparkar høna, er slagordet for Grønt Spa'tak.
Under opphaldet får du god tid til å diskutera landbruk og miljøvern. Du vil forstå meir av korleis det er å vera bonde, og får forklart bonden kva me i Natur og Ungsdom står for. Utad synlegjer prosjektet at miljøvernarar og bønder har sams interesse av levande bygder, miljøvennleg og auka matproduksjon i Noreg og ei inntekt å leva av i landbruket.
I Noreg er 90 prosent av arealet utmark, og beiteressursane i utmarka kan gi enorme mengder mat. Synet på rovdyr har lenge splitta miljøvernarar og sauebønder. Natur og Ungdom vil bidra med noko konstruktivt i rovdyrdebatten og ønskjer difor på å koma i kontakt med sauenæringa, ved å gå tilsyn i fjellet. Me ønskjer å setja fokus på alt som kan gjerast av forebyggjande tiltak for å redusera rovdyrskadane på husdyra. Dessutan vil me saman med Norsk Bonde og Småbrukarlag
visa at dette er eit spørsmål miljøvernarar og bønder må løysa i samarbeid. Grønt Spa'tak gjev deg nokon spanande, viktige og inspirerande veker du vil hugsa lenge. Du vert ikkje veldig rik på pengar, og du vert sliten av å hesja høy, mjølke kyr eller springa etter sauen i fjellet. Men det er ein veldig politisk korrekt sommarjobb, som både du og naturen vil få mykje igjen for.
To av medlemmene i Stord NU var ifjor sumar med på Grønt Spa'tak og her kan du lesa om det og sjå korleis dei hadde det.
Arnfrid og Susanne på Grønt Spa'tak
Tilbake
Sida tilhøyrer Stord Natur og Ungdom.