[Grønt Spa'tak] [Informasjon/innmelding] |
[Sett Foten Ned] [Kollektivkampanjen] |
[Om Stord NU] [Gjesteboka] |
[Hovudside]
[E-post] |
I haust oppfordra miljøvernrørsla og fagrørsla folk til å setja foten ned i protest mot dei låge løyvingane til kollektivtransporten. Tretti stader i landet vart det samla inn fotavtrykk. Folk satte viljug foten ned i protest mot dei låge løyvingane til kollektivtransporten. I lokalmedia var det stor merksemd rundta aksjonane. Diverre fekk kollektivkampanjen ikkje gjennomslag for sine krav retta mot årets statsbudsjett. Det var svært vanskeleg å få gjennomslag for utgiftsauke i det politiske klimaet rundt årets statsbudsjetthandsaming. Me har allereie byrja å leggja planar for å arbeida fram mot neste års statsbudsjett. Det har tidlegare aldri vore heit politisk debatt om kollektivtrafikken sine kår i Noreg. Dersom organisasjonane bak kollektivkampanjen jobber lokalt for eit betre kollektivtilbod kan me klara å få opp konfliktnivået knytta til løyvingane til kollektivtransporten.
Kollektivkampanjen er Natur og Ungdom, Noregs Naturvernforbund, Norsk Jernbaneforbund, Norks Kommuneforbund og Norsk Transportarbeiderforbund.
Frå utsending 1/99